Trines
Gartneri
Sandhølvegen
4274 STOL
Mob: 47 37 36 52
E-post: trine@trinesgartneri.no
Trines Gartneri blei etablert i 2006. Gartneriet er gjenbruksmateriale frå Sjøens Gartneri på Åkra. Her skulle ny bebyggelse til, så drivhuset blei demontert og flytta til Stava.
Ideen til å driva økologisk, fekk eg då eg las til
eksamen innan Gartneri og Hagebruk, og kom til sprøyting mot skadedyr. Skal ein sprøyta mot
skadedyr, må ein ha sertifisering for å handtera sprøytemiddelet. Ein må dekkje til kroppen og gjere det til spesielle tider;
når det er minst mogleg bier ute. Dette skal då sprøytast på frukt og
grønsaker, og etter ei stund så skal dei etast?! Eg klarte ikkje
heilt å sjå logikk i dette og byrja å dyrka økologisk heime hjå meg
sjølv.
Nå er all produksjon i gartneriet økologisk, både sommarblomar, frukt, grønsaker og urter. Mange ser ikkje heilt
poenget med å dyrka sommarblomar økologisk, men eg veit faktisk om
fleire gartnarar som har jobba i drivhus og har blitt
løysemiddelskada p.g.a. diverse sprøyting på sommarblomar. Så om
ikkje berre av omsyn til planta og miljø, så òg av omsyn til meg sjølv og
mine, vil eg ha alt økologisk.
Cherry tomater som er dyrka direkte i jord inneheld mykje næringstoffer. Planta må sjølv jobba for å skaffa dei.
Tomater er ei god kilde til vitaminer og forebyggjer prostatakreft